Sigrid Moldestad

fredag 05. jul Oppstart kl. 19:00
350,- (barn 150,-)

"Med hjarte og kjærleik frå Breim"

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling. Enten det er folkemusikk eller eigne tekstar og songar.  Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: «Regndråpeborna» med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og folkemusikkplata «Breim». Ho fekk spellemannsprisen for den første soloplata si «Taus» i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet.  Har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Ho har også investert mykje tid i  prosjektet

«Pederhuset» i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.

← FORRIGE ARRANGEMENT NESTE ARRANGEMENT →
Les mer

En kveld i New Orleans!

tirsdag 04. jun Oppstart kl. 19:00
Les mer

Sommerkafé

tirsdag - onsdag 09 - 24. jul kl. 11:00 - 15:00
Les mer

Trondheim Kammermusikkfestival

fredag 27. sep Oppstart kl. 12:00
Les mer

Skjærp dæ

tirsdag 08. okt Oppstart kl. 19:00
Les mer

Kjøttrull-sying

tirsdag 26. nov Oppstart kl. 19:00
Les mer

Thomas Brøndbo

onsdag 04. des Oppstart kl. 19:00
Les mer

Gavekort fra Fjøsakademiet

Instagram